Lavik Kro vart starta sommaren 2014. Daglig leiar er Ann-Elisabeth Lavik Akse. Ho er gift med Frode Akse som driv Lavik Maskinsenter, og saman har dei tre døtre som alle er flinke å hjelpe til i familiebedriftene.
Ann-Elisabeth er dotter av Inger Marie og Torbjørn Alfred Lavik. Familen Lavik har drive handel i Lavik sidan midten av 80-talet, og det som i dag er Lavik Torg, er grunnlagt av Torbjørn. Ann-Elisabeth og systrene vart tidleg tatt med i drifta, og heile familen har eit sterkt engasjement for å gjere Lavik til din naturlege stoppestad.
Ann-Elisabeth har fagbrev som kokk i hotellfag, og er nyleg blitt sensor for kokkefag. Til hausten startar ho på andre året på fagskule for lokal matkultur.
Mandag- Onsdag: Stengt
Torsdag: 11.00-17.00 Fredag: 11.00-17.00
Lørdag: 11.00-16.00 (Søndag: 13.00-17.00)
Lavik Kro kan halde open utanfor dei ordinære opningstidene. Ta kontakt om du har spesielle ynskjer eller behov.
Telefon: +47 902 80 068
E-post: post@lavikkro.no
Postadresse: Hellbøstranda 2, 6947 Lavik, Sogn og Fjordane