Meny – Lavik Kro

Meny

Dagens

Rabattkort: Få kvar 10.de middag GRATIS!

Vi brukar sesongens råvarar og lagar husmannskost som passar for heile familien. Vi serverar mellom anna kjøttkaker, fiskegrateng, sosekjøt, lammesteik, svinesteik, spareribs, pinnekjøt, steikt laks, panert torsk og entrecote.

Og sjølsagt har vi raspeballar fast på menyen kvar torsdag. Vi serverar Signes Raspeballar som er kåra til landets beste av TV2, i deira kåring i programmet Matkontrollen i desember 2015.

På laurdagar er nysteikte bollar fast på menyen ☺

Lokalmat

Foto: David Zadig
Foto: David Zadig

Vi er opptatt av å bruke lokale råvarer og produsentar då kortreist mat gir den beste kvaliteten og utsøkte smakar.

Laks frå Svanøy Røykeri blir brukt i våre rettar, og for sal over disk. Laksen frå Svanøy har blitt spesialitetsmerka for unik smak av Matmerk.

Håjen Lefsebakeri leverar fiskebrød som vi brukar i tapasmenyen vår (+ sal over disk). Herifrå får vi og knekkebrød, flatbrød, og den tradisjonelle Sunnfjordlefsa. Når du kjem med ferja må du og sjølvsagt kjøpe med deg den berømte Sunnfjordlefsa!

ost-og-tomater_resize copy
Foto: USY

Frå Kandal Kjøtt får vi den fantastiske kvitløkspølsa, laga av kje. Du får den i våre tapas (+ sal over disk).

Vi kan og tilby våre kundar Underdalsosten. Kvit Undredal er ein fast kvitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur, løype og salt. Den populære nyskapningen Kvit Undredal spring direkte ut av tradisjonen men er salta, mogna og vidareutvikla for dagens kontinentalt påverka publikum. Osten finst i tre mogningsgradar: nylagra, mellomlagra og vellagra.

Drit forbanna har både tøffe og morosamme design. Her finn du fleire ulike  marinader som du kan teste sjølv, og som også er fine å gje i gave til andre.

Uliveti Castel er ein av dei nyaste leverandørene til Lavik kro familien. Dei produserer ein 100% italiensk ekstra virgin olivenolje, som vi i Lavik kro ofte brukar i våre catering leveringar. Produksjonen er bærekraftig og i respekt til naturen samstundes som varene har ein høg kvalitet.

Øvrige spesialprodukt

nicLavik Kro førar og ei rekkje produkt frå Nicholas Vahé, kvalitetsvarer som set ein ekstra spiss på matopplevinga!

Nicholas Vahé sine krydder er spesielt populære. Smak for eksempel pizzakrydderet – det blir du avhengig av. Pesto, curd med forskjellige smaker, (krem som er veldig god i for eksempel skillingsbollar, sitronkake), Oliven, Glaze (til jordbær, wooka grønnsaker), mange spennande oljar, sjokolade (smak for eksempel den populære Milk Chocalate Caramel & Salt), kaffisirup (til kaffi, milkshake, smoothie og iskrem).

Holli mølle er en gårdsmølle som maler mjøl av økologisk korn. Mjølet er ferskt, økologisk og heilt utan tilsetjing.

Siste tilskuddet til Lavik Kro er Fru Timian. Fru Timian har i fleire år vert ein av Norges mest leste matblogger. Her finn du massevis av gode, lettvinte og familiedvennlege middager, kaker og gjærbakst. I 2018 vart Fru Timians kroydderserie lansert, med 10 ulike salt- og krydderblandinger. I mai 2020 fekk vi produkta til butikken vår, og vi er veldig stolte over å kunne dele dei med dykk.

Pærecider: musserande – økologisk, glutenfri.
Himmelstund: Eplecider – blir brukt i dei beste restaurantar som eit alkoholfritt alternativ.

Rask mat

Hos oss får du og eit godt utval av meir tradisjonell «i-farta»-mat som f.eks hamburgerar, biffsnadder, wrap, pizza, kyllingburgerar, kyllignuggets, fish & chips, mm.

Smårettar

Litt småsvolten? Da passar det kanskje med eit karbonadesmørbrød, skinkeomelett, spagetti carbonara eller du kan teste ut vår populære signaturrett; Ladevik Sandwhich. Denne innhaldsrike sandwichen med ost, skinke, salat, egg og bacon er eit heilt lite måltid i seg sjølv, og passar enten du er svolten eller berre vil lade litt. Retten har fått namn etter Lavik sitt tidlegare stadsnamn: Ladevik. Det var her i vika dei reisande lada før dei reiste vidare, og slik er det framleis den dag i dag!

Kaker og dessertar

Fysen på noko godt? Kaffe & kaker til dessert, eller kva med med vår deilige softis?

Alle rettigheiter

Hos oss er det triveleg å feire store og små anledninger. Eller berre ta ein pause og nyte smaksrike opplevingar.

Kontaktskjema

* obligatorisk felt