Kurs – Lavik Kro

Kurs

Kakekurs

kake2Lær hemmelegheitane bak våre vellukka kaker med det lille ekstra! Våre inspirerande kakekurs passar mellom anna for klubbgjengen, utdrikningslaget, vennegjengen og bursdagsgjengen.

Bli med på kurs og få inspirasjon til nye flotte kaker til arrangement og samlingar som konfirmasjon, bursdag eller hyggelege kaffiselskap med vener.

Du lærer:

  • Å lage sukkerbotn.
  • Å fylle kaker.
  • Å legge flotte marsipanlokk på kaker.
  • Å dekorere kaker, mellom anna med eigne marsipanroser.

Og når kurset er over får du kaka med heim! 🙂

Kontakt oss for nærmare info.

Matkurs

IMG_4075Vårt matkurs passar for både nybyrjarar og dei med meir erfaring på kjøkkenet. Å lage mat kan vere mykje meir sosialt og morosamt enn kva kokebøkene kan gje inntrykk av!

På våre matkurs lærar du å lage betre mat i eit triveleg miljø saman med andre hobbykokkar, samstundes som du får veiledning av faglært kokk. Plukk opp tips og triks du garantert får god nytte av i kvardagen.

Aktuelle tema:

  • Hybelmat
  • Tapas
  • Lefser og flatbrød

Vi er sjølvsagt opne for ynskjer og forslag, og tilpassar gjerne våre kurs så dei passar dykk best mogleg.

Kontakt oss for nærare info.

Kontaktskjema

* obligatorisk felt