Arrangement og tjenester – Lavik Kro

Arrangement og tjenester

Leig ein kokk heim

IMG_4144
Foto: Jannicke Aven

Vi let deg være gjest på eigen fest! Du treng heller ikkje slite deg ut i forkant av festen din. Vi kjem inn der du måtte ynskje. Her er for eksempel tre forslag til korleis vi kan hjelpe til slik at du kan nyte festen din:

• Full pakke: Vi pynter, kokkelerer og serverer.
• Vi kokkelerer og serverer: Vi kokkelerer og serverer.
• Team-kokkelering: Gjestene kokkelerer saman med kokken: Kokken rettleiar og inspirerar, gjestene leverer! Dette gir smaksrike opplevingar og felles glede for heile selskapet.

PS: Vi kan sjølvsagt også tilby «rydd og vask» etter selskapet!

Ta vare på dei gode augneblikka! Vår eigen fotograf forevigar opplevingane og leverar unike stemningsbileter frå festen.

Leige Kroa

Du kan velge å leige stova eller heile kroa. Stova har ein kapasitet på ca. 20 vaksne eller 24 born, mens heile kroa plasserer ca. 50 personar. Vi tilpassar lokalet, pynting, meny og aktivitetar etter dine ynskjer og behov. Her er eksempel på nokre av våre populære tema:

Barnebursdag:

6 år eller eldre. Minimum 7 born, maksimum 24 born.

Vi har tre populære konsept, eller om du har eit eiga ynskje er du velkomen til å spørje oss:
halo
Shuffleboard: Spennande og kjekt spel som er god trening, og er utviklande for hand/auge-koordinasjonen!

Discoparty: Stova blir fylt med discolys, discomusikk og ungdommen får pynte seg med discotusj, som lysar i mørket. Du kan også leige din eigen DJ.

Pysjamasparty: Gjestane kjem i nattklede og vi ordnar nattstemning i stova der det bugnar av mjuke puter og pledd.

Velg mellom fylgjande pakkeprisar:
Pølser & pommes frites + juice: 110,- pr pers.
Pizza & brus: 130,- pr pers.
Barnetapas & punsj: 170,- pr pers.
(Barnetapas inneheld: pølser og spagetti, minipizza, kjøttbollar og fruktspyd)
Tacobuffet & brus: 150,- pr pers.

Leige av lokal er inkludert i pakkeprisen.

Vennelag:

10-14 personar

Vi tilpassar meny etter dine ynskjer. Det kan være alt fra tapasbuffet, pizzakveld til full middag for vennegjengen, kollegaene eller familien.

Ta kontakt for individuell tilpassing og pris.

«Ferdig pynta»

Vi pyntar bord og lokale etter din anledning. Vi tilpassar sjølvsagt også etter sesong og trendar. Her leverer vi våre tjenester i samarbeid med vår gode samarbeidspartner Søstrene Lavik slik at mat og konsept gjer ei harmonisk heilheitsoppleving.

Vi kan også tilby «ferdig pynta» andre stader og i andre lokal etter ditt ynskje.

Foto: Jannicke Aven

Kontaktskjema

* obligatorisk felt