Aktivitetar – Lavik Kro

Aktivitetar

ShuffleboardShuffleboard
Shuffleboard er eit spennande spel for folk i alle aldrar. Kjekt, god trening, og utviklande for hand/auge-koordingeringa! Mykje strategi og nervepirrande konkurranse.

Ynskjer du din eigen Shuffleboard-kveld med mat, drikke og turnering med pokal til vinneren. Kontakt oss for eit tilbod!

Diskotek
Når vi arrangerer diskotek i stova vår, er det fullt trøkk og god stemning. Vi har fullt diskolys, høg lyd og lokal DJ – slikt blir det mange Snap’er av! (Følg oss på Snap, då vel!).

Halloween
På Halloween skjer det skumle ting på Lavik Kro! Stova blir eit skummelhus der skummel mat, musikk og stemning regjerer. Ynskjer du ditt eige Halloween-pary? Kontakt oss for eit tilbod!

Pubkveld
Med alle rettigheiter og eiga stove lager vi din spesielle kveld med god mat & drikke og gode opplevingar. Ynskjer du ein fotballkveld, kompiskveld eller vennefest? Vi arrangerer din kveld etter dine ynskjer, både når det gjeld pynting av lokale og smaksrike opplevingar. Kontakt oss for ein morosam samtale!

Kundekveld
Vi har mange spennande prosjekt og idéar som du kan oppleve på våre kundekveldar. I samarbeid med Søstrene Lavik byr vi på inspirasjon, kunnskap og gode tilbod innan ein mengde ulike tema. Vi arrangerer for eksempel temakvelder innen mote og skjønnhet, interiør og design, helse og velvære og sjølvsagt mat, drikke og smak. Følg oss i sosiale media for info om ulike arrangement.

Kontaktskjema

* obligatorisk felt